EIN LEVANDE KULTURVERKSTAD MED SJEL AV GAMMAL FORTID. LUKT AV RAMSALT SJØ OG SILD.
Bøkkerverkstaden nede ved Storsundet på Rød i Uskedalen er både eit eineståande kulturminne og ein unik møteplass med tanke på tilskipingar av ymse slag og i juni i fjor vart den enda meir attraktiv. Då vart ein nesten 20 meter lang og vel fire meter brei kai opna etter stor dugnadsinnsats.