
Hallvard Rød
Godseigaren vart fødd i Bergen i det herrens år 1955. Han vaks opp på godset som einebarn og derfor sjølvsagt arving . Etter mange år i eksil vende eg attende til heimstaden hausten 2006.
Foto: Olaf Johan Kristiansen
Utanom å skjøtta arbeidet som godseigar har eg arbeid ved Valen Sjukehus som psykiatrisk hjelpepleiar. Dette for å spe på inntekta, då det går til dels store summar til vedlikehald av godset. Inntektene frå leiglendingane er ikkje store nok til å dekkja alle utgifter.
Eg vil nytta høve til å takka Kvinnherad kommune v/ Kristian Bringedal for godt samarbeid. Dette har bore frukter til blant anna den legendariske "Bøkkerkvelden", nytt toalett, ny kai og tilgang for almugen- det vera seg omvisning av skuleklassar, bryllaup, slutta lag av ymse slag osv.
Godseigaren helsar folket og ynskjer velkomen til gards når ein måtte ynskja å nytta bøkkeren. Her er inga begrensingar og så ta gjerne kontakt med godseigaren eller leiglending Kristian Bringedal ( sjå kontaktmenyen)