
Tønneproduksjon i tretti år
Mange av dei som kjem til Bøkkerverkstaden i dag er nok heller ”blanke” med omsyn til kunnskap om kva som har gått føre seg i dette huset med den digre og dominerande skorsteinen. Stutt sagt gjekk det her føre seg produksjon av tønner frå sist i 1880-åra til fyrst på 1920-talet.
Slik produksjon har vore viktig for mange lokalsamfunn langs kysten ned gjennom århundra og svært mange av småbrukarane både i vår bygd og andre bygder henta velkomne inntekter på denne måten. Godt sildeinnsig ga støtet til verksemda. Far lærte son bøkkerhandverket. Dei arbeidde tønner i eit uthus, i kjellaren eller kanskje i naustet. Særleg gjorde gardar med skog det godt på denne produksjonen, som på einskilde bruk vara heilt inn på 1940-talet.
Det var folket på bruksnummer tre på Rød som fekk bygd den etter måten store verkstaden og det var truleg Jens Kristoffer Jensson som gjorde det. Han var son av Jens Jensson Myklebust og Kari Nilsdotter Skorpo og vart fødd i 1870. Folketeljinga for 1900 fortel at han dette året dreiv med tønneproduksjon. Seinare flytta han til Borgundøy saman med kona, Andrea fødd Dale.
Utanfor verkstaden vart det i si tid sett opp eit lagerbygg med høve til innlasting rett frå lageret, men dette bygget vart reve og sett opp som løe av Helge Rød.
8-10 mann på det meste
Tønneverkstaden på Rød gav på det beste arbeid til 8-10 mann. Av folketeljinga for 1900 går det fram at det var 67 bøkkarar i arbeid i kommunen, men det var berre slik som laga tønner i smått. Den store tønnefabrikken i Dimmelsvik kom utanom og der kunne det vera meir enn 30-40 mann i arbeid. På eit bilete i Bygdesoga er det 34 arbeidarar.
Det er dermed dekning for å seia at langt over 100 mann dreiv med produksjon av tønner i Kvinnherad rundt århundreskiftet. Men yrket hadde vore viktig lenge. Til dømes heiter det i femårsmeldinga til amtmannen for bolken 1866/1870 at fartøybyggjing og tønneproduksjon sysselsette mange.
Bøkkeryrket var av amtmannen rubrisert under ”sysselsætter mange hænder” og ”give overskud til salg”. På ein ti timars arbeidsdag laga kvar mann på det jevne 10 tønner.
Men allereie på 1500-talet var det tønneproduksjon som ei attåtnæring til gardsbruket. Produksjonen var konjunkturbestemt og nær knytt til sildesaltinga langs kysten.
I bygdesoga står det at tønnefabrikken i Dimmelsvik skapte liv og rørsle og at dei store skipa som kom frå Sør-Amerika med stav førde med seg ein pust frå verda der ute. Det var ein bi-effekt av tønneproduksjonen her inne i fjordane.
Over til større fabrikkar
Men i åra etter 1920 var det slutt ved dei mindre verksemdene. Med straum vart produksjonen automatisert og større tønnefabrikkar vart einerådande.
Korleis var så arbeidsprosessen? Stikkordmessig kan den kort samanfattast slik: Først vart tønnestavane forma, og så satt saman (”å reise tønna”), Så kom fyring, driving, kryssing/loggarbeid, forming av botnar, tønneband, isetjing av botnar og kontroll. Den som for moro har delteke i tønnereising under samkomer i Bøkkerverkstaden veit at det er ikkje berre enkelt!
Då Bøkkerverkstaden vart gjenopna som museumshus i 1995 skreiv avisene at Kristian O. Bringedal hadde vore den store pådrivaren bak prosjektet og det var ingen usamde i. I åra som har gått sidan har han også vore den drivande kraft.(Men det er Hallvard Rød som eig verkstaden.)
Den nye kaien vart uoffisielt opna med brudlaup og det lukkelege paret kom luftvegen saman med forlovarane. Her står Sonja og Morten Framnes (brudepar) frå Tysvær og Rune Heggland og Sigrid Elise Bjerkeli (forlovarar) frå Haugesund. (Foto: Ola Matti Mathisen)
Bøkkerverkstaden med den nye kaien til venstre (Foto: Ola Matti Mathisen)
Det har vore mange gilde samkomer i Bøkkerverkstaden allereie. Her slår Kristian O. Bringedal an tonen. Han har vore den sentrale drivkraft i arbeidet med å gje Bøkerverkstaden ein ny funksjon i ei ny tid.